Karl Verner
Karl Adolf Verner (fødd 7. mars 1846 i Aarhus, daud 5. november 1896 i København) var ein dansk lingvist, som formulerte Verners lov. Verner vart student 1864 og tok 1873 magistergrad i slaviske språk, der han førebudde seg mellom anna gjennom eit lengre opphald i Sankt Petersburg. Han vart 1876 tilsett ved universitetsbiblioteket i Halle og vart dessutan i 1883 dosent og i 1888 professor i slaviske språk i København. I 1887 vart han heidersdoktor i Heidelberg. Verner publiserte svært lite - men han var likevel ein av dei mest kjende språkforskarane på 1800-talet, på grunn av artikkelen «Eine Ausnahme der ersten Lautverschiebung», som vart publisert i 1876 i Zeitschrift für vergleichende Sprachforschung. Artikkelen førte til at han fekk Bopp-prisen av Berlinakademiet. I artikkelen viste han korleis det opphavlege indoeuropeiska trykket hadde stor påverknad for dei germanske språka. Denne oppdaginga har seinare vorte referert til som Verners lov. I same tidsskrift publiserte han same år ein annan viktig artikkel, «Zur Ablautsfrage». Verners lov fekk store konsekvensar for lingvistikkens historie. I og med at ho gjorde greie for eit sett problematiske unntak i Grimms lov på ein enkel og elegant måte inspirerte ho junggrammatikarane i Leipzig til å postulere ein teori om unntakslause lydlovar, og meir generelt til å utvikle dei metodologiske krava til hypoteser om regelmessige lydsamband i den språkhistoriske forskinga. Både desse to publikasjonane og det vesle han elles har skrive inngår i den samla utgåva av hans Afhandlinger og breve, som vart utgjeve 1903, i lag med ein utførleg biografi skrive av Marius Vibæk. Kjelder
|