Jon Leirfall (7. oktober 1899–12. juni 1998) var ein norsk politikar (Bondepartiet og Senterpartiet) frå Hegra i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Han var utdanna sivilagronom frå NLH i 1924. Sekretær i Bondepartiet i perioden 1929-33. Leirfall var gardbrukar og stortingsrepresentant frå 1945 til 1969, men gjorde seg òg kjent som historieforteljar, målstrevar og forfattar. I heimbygda vart han kalla Jon Bertemma, av di han budde på garden Bertem.[1]
Jon Leirfall måtte under den andre verdskrigen flykte til Sverige saman med familien sin. Han skriv om opphaldet i Sverige i boka I storm og stille. Blad frå minneboka. Der fortel han mellom anna: «Hausten 1943 tok norsk militæropplæring og oppsetting av norske militæravdelingar i Sverige til. Dette er ei ganske fantastisk historie og eit klart brot på svensk nøytralitetspolitikk. Det strir mot all nøytralitet at ei krigførande makt får høve til å organisere militær verksemd mot ein fiende på nøytralt område.»