Johs. C. Lien
Johannes Einar Kristensen Lien (26. oktober 1837–27. oktober 1917) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Rakkestad i Østfold. Han var medlem av Venstre. Lien var son til ein gardbrukar. Han gjekk landbruksskule før han overtok farsgarden i 1860. Tidsrommet 1870-99 var han ordførar i Rakkestad heradsstyre og elles medlem av forlikskommisjonen. Perioden 1883-1900 var han med i tilsynsnemnda for Smaalensbanen. Lien representerte Smaalenenes amt på Stortinget frå 1880 til 1888 samt valbolken 1892-94. Han var medlem av vegkomiteen 1880-88 og frå 2. april 1883 til 1888 og på ny 1892-94. 1892-94 var han i tillegg medlem av valkomiteen og budsjettkomiteen. Lien var medlem av riksretten 1883-84 mot Selmer-ministeriet. Han døydde på garden sin i Rakkestad i 1917. Kjelder
|