Jern eller jarn er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Fe og atomnummer 26. Det høyrer til transisjonsmetalla og er plassert i gruppe 8 i periodesystemet. Jern er eit av dei vanlegaste metalla i jordskorpa. Jern er ferromagnetisk.
Jernmalm inneheld jernoksid. Malmen vert redusert til råjern. Smeltepunktet er 1535 grader celsius, mens kokepunktet er 2750 grader celsius.
Stål er legeringar som inneheld mykje jern. Desse vert brukt til alt frå kjøkkenreiskap til bygningar. Eigenskapane til stålet er avhengig av kva andre metall som finst i legeringa.
Jern finst som spormineral i hemoglobin og er viktig for oksygentransport i kroppen.