Jan OortJan Hendrik Oort (28. april 1900–5. november 1992) var ein nederlandsk astronom som gjorde viktige bidrag i å forstå Mjølkevegen og ein pioner innan feltet radioastronomi.[1] Han er blitt omtalt som ein av dei største astronomane på 1900-talet[2][3] I 1955 var Oort nemnt i magasinet Life si liste over dei 100 mest kjende personane som var i live då.[4] Oort fann ut at Mjølkevegen roterer og forkasta ideen om at sola ligg i sentrum. Han oppdaga mystisk, usynleg «mørk materie» i 1932, som ein trur utgjer meir 90 % av universet og gravitansjonstiltrekkjinga skapar «grupper av stjerner i galaksar og galaksar i grupper.»[2][5] Han oppdaga den galaktiske haloen, ei gruppe stjerner som krinsar kring Mjølkevegen, men utafor hovudskiva.[6] I tillegg er Oort ansvarleg for mange viktige funn om kometar, inkludert forståinga av at banane deira «impliserte at det var mykje meir av solsystemet enn regionen som planetane dekkjer.»[2] Oortskya, Oort-konstantar og asteroiden 1691 Oort er alle namnsette etter han. Han var professor og direktør for observatoriet i Leiden 1945 til 1970 og han var president i International Astronomical Union (IAU) frå 1958 til 1961. PrisarPrisar
Oppkallingar
Då han døydde sa nobelprisvinnaren og astrofysikaren Subrahmanyan Chandrasekhar «Den store astronomi-eika har falle, og me er bortkomne utan skuggen hennar.»[7] Kjelder
Bakgrunnsstoff |