Jakob Andersen
Jakob Peter Helmer Andersen (22. august 1856–30. november 1914) var ein norsk fiskar, fyrvaktar og stortingsmann frå Dverberg i Nordland. Han var medlem av Venstre. Andersen var son til ein fiskar og husmann. Etter å ha vore fiskar nokre år, var han frå 1878 busett i Berlevåg i Finnmark. Der arbeidde han som oppsynsmann og arbeidsformann for telegrafvesenet. I 1887 gjekk han tilbake til fiskeria, frå 1896 med eigen båt. Frå 1897 budde han i Honningsvåg. Andersen fekk stipend til å studera fiskeri i Danmark i 1902. I 1909 fekk han stilling i fyrstellet, arbeidde fyrste åra ved Ytterøyane fyr i Sunnfjord, frå 1913 var han fyrvaktar på Røværsholmen fyrstasjon. Andersen var medlem av Tana heradsstyre, seinare av Kjelvik skule- og fattigstyre. Valbolken 1903-06 var han 2. representant på Stortinget for Finmarkens amt. I den neste perioden, 1906-09, representerte han einmannskrinsen Vest-Finnmarken. Han var medlem av næringskomite nr. 1 i den fyrste stortingsperioden, i den andre av næringskomite nr 2. Kjelder
|