Jacob Sverdrup Smitt
Jacob Sverdrup Smitt (6. januar 1835–6. juni 1889) var ein norsk biskop og stortingsmann. Smitt var fødd i Nordre Land. Han vart teologisk kandidat ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1860. Frå 1862 kapellan på Voss, sidan lærar også. 1865 flytta han til Hammerfest og underviste ved ein borgarskule i byen, to år etter vart han sogneprest i byen. Han var biskop i Tromsø stift 1876–85, seinare i Kristiansand frå 1885 til han døydde i 1889. I tre periodar (1874–1882) representerte han Tromsø, og byane i Finnmark på Stortinget, frå 1877 var også Bodø med i valkrinsen. Han var også lagtingspresident 1880–82. Mest alle stortingssesjonane var han jamnt medlem av kyrkjekomiteen. Han døydde på Holla prestegard under ei visitasreise. Kjelder
|