Jacob A. Riis
Jacob August Riis (fødd 3. mai 1849 i Ribe, død 26. mai 1914) var ein dansk-amerikansk journalist, sosial reformator, føredragshaldar, fotograf, forfattar og filantrop. Etter å ha utdanna seg til tømrar emigrerte han til USA i 1870. Her arbeidde han mellom anna som tømrar og gruvearbeidar før han blei journalist og arbeidde som krimreportar i over 30 år. I tida som arbeidslaus opplevde han med sjølvsyn tilhøva for dei fattige, eller «den andre helvta», "The Other Half", som han sjølv sa det. Han byrja å ta bilete av slumstroka i storbyen New York. Bileta blei brukt i den fotojournalistiske boka How the Other Half Lives, og medverka til å setje ein ny sosial dagsorden i USA. Han gjorde også ein monaleg filantropisk innsats, delvis saman med venen og seinare president Theodore Roosevelt. ![]() Saman med amerikanaren Lewis Hine (1874 - 1940) blir Riis rekna som den fyrste eigentlege dokumentarfotografen. Etter at han døydde fekk ein samskipnad med det føremål å hjelpe danskar i Amerika namn etter han. 10. august 1900 blei han Ridder av Dannebrog.[1] Bibliografi
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|