J/psi-meson
Eit J/psi-meson eller J/ψ-meson er ein subatomar partikkel. Det er den lettaste av desse med ein masse på 3,1 GeV/c², det vil sei han er vel tre gonger så tung som protonet. Mesonet er smaksnøytralt og består av ein sjarmkvark og ein sjarm-antikvark. J/ψ-mesonet har ein kvilemasse på 3.0969 GeV/c² og ei levetid på 7.2×10−21 s. Denne levetida er omkring tusen[1] gonger lenger enn tidlegare venta. J/ψ-mesonet vart oppdaga uavhengig av to forskingsgrupper, ei ved Stanford Linear Accelerator Center, leia av Burton Richter, og ei gruppe ved Brookhaven National Laboratory, leia av Samuel Ting vedMIT. Dei oppdaga at dei hadde funne den same partikkelen og annonserte oppdaginga i lag den 11. november 1974. For oppdaginga fekk Richter og Ting nobelprisen i fysikk i 1976. Kjelder
|