Iram Haq
Iram Haq (fødd 1. januar 1976) er ein norsk skodespelar, filmregissør og songar. Ho har gjort seg merka som filmskapar, både med kortfilmar og spelefilmar, og har vunne Amandaprisen to gongar og Kanonprisen tre gongar for filmane sine. Haq har utdaning som art director frå Westerdals reklameskole. BakgrunnHaq vaks opp på Stovner. Foreldra hennar var arbeidsinnvandrarar frå Pakistan, og Haq hevdar at ønskjet deira om å skjerme henne frå norsk kultur kom av at dei ikkje «hadde tid til å integrere seg, de måtte jobbe og sikre sin fremtid for barna. Du skal ha overskudd og mot til å klare å integrere deg.»[1] SkuespillerHaq spela hovudrolla som Jasmin, med Bjørnar Teigen som motspelar, i filmen Import-eksport. Haq hadde også rolla som Fatima Silmandar i humorserien Borettslaget, som sjukepleiar i dramaserien Berlinerpoplene og som eit av drapsofra i Varg Veum-filmen Falne engler. FilmskaparKortfilmarHaq har laga fleire kortfilmar. Den første filmen hennar heitte Trofast. Utan filmerfaring skreiv Haq manus, var skodespelar, regiassistent og kostymeansvarleg. Filmen vart plukka ut til filmfestivalen i Venezia som einaste norske bidrag i 2004.[1] Haq debuterte som regissør med kortfilmen Skylappjenta, der ho spela hovudrolla og skreiv manuset sjølv. Skylappjenta er ein ny versjon av Raudhette, med tokulturell problematikk. Filmen har vunne fleire norske prisar og den internasjonale Ellen Award på festivalen Aspen Shortfest, og var plukka ut til Sundance filmfestival i 2010. SpelefilmarHaq debuterte som spelefilmregissør med filmen Jeg er din, som hadde premiere 18. august 2013. Denne filmen hadde ho også sjølv skrive manus til.[2] For filmen vann hun Kanonprisen 2013 i klassen beste manus.[3] Den andre spelefilmen hennar Hva vil folk si hadde noregspremiere 6. oktober 2017.[4] For denne filmen vann ho prisane for beste regi og beste filmmanus under både Amandaprisen 2018 og Kanonprisen 2017.[5] Filmen vann dessutan Amanda-klassene beste norske kinofilm og beste mannlege skodespelar (Adil Hussain) og var nominert i ytterlegare tre klasser.[6] ForfattarskapBiletbokHaq gav også ut Skylappjenta som biletbok på Cappelen Damm forlag, med illustrasjonar av Endre Skandfer. Boka var nominert til Kulturdepartementets debutantpris, og vart også nominert til UPrisen 2010.[7] RomanDen fyrste romanen til Haq, Uelsket, vart gjeven ut 2021.[8] Priser og nominasjoner
Kjelder
Bakgrunnsstoff |