Into the Blue
«Into the Blue» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue. Den vart skriven av Kelly Sheehan, Jacob Kasher, og Mike Del Rio. Songen vart innspelt i London på den 45. fødselsdagen til Minogue i mai 2013, og vart utgjeven som den første singelen frå det tolvte studioalbumet hennar, Kiss Me Once (2014). Listeplasseringar og sal«Into the Blue» debuterte i Belgia på nummer 57 i Flandern og nummer 53 i Vallonia på Ultratip-listene. Songen nådde då tiandeplassen i Vallonia og var den første singelen av Minogue som nådde Top 10 på Ultratip sidan «Get Outta My Way» i 2010. Songen nådde 22. plass i Finland, 16. plass i Spania og nådde 19. plass i Ungarn. «Into the Blue» nådde 46. plass i Australia med sal av 2 643 eksemplar, den første singelen frå albumet som ikkje nådde Topp 40 i landet. Songen fall ut av hitlistene på 96. plass med sal av 3 832 eksemplar i alt på to veker, og blei den mest mislukka førstesingelen hennar. Songen vart utgjeven den 28. januar i Nord-Amerika og debuterte i USA på 39. plass på Dance/Electronic Digital Songs og 41. plass på Dance/Electronic Songs.[1] Songen debuterte på 52. plass på Hot Dance Club Songs og nådde seinare førsteplass den femte veka.[2] Komposisjon«Into the Blue» er ein elektronisk danse-song som inneheld instrumentering av synthesizer, keyboard og strengeinstrument. Teksten snakkar om å vere uavhengig, fri og lukkeleg. Format og sporliste
Topplisteplasseringar
Utgjevingshistorie
Kjelder
Bakgrunnsstoff |