If You Knew Suzi... er det femte studioalbumet til Suzi Quatro, gjeve ut seint i 1978, men med 1979 som dato for opphavsretten. Det var det albumet til Quatro som nådde høgast på den amerikanske Billboard 200) då det nådde 38. plassen.[4] Albumet gav òg Quatro den største amerikanske hitten hennar, ein duett med Chris Norman kalla «Stumblin' In», som nådde fjerdeplassen på både Billboard Hot 100 og BillboardAdult Contemporary-lista.[4]
Albumet vart spelt inn i både Köln (Tyskland), Paris (Frankrike) og Glendale (California). Det vart så miksa i California og mastra i London før det vart distribuert av eit selskap basert i New York City.
Den amerikanske og kanadiske utgåva av albumet er utan songen «Evie» og inkluderte «Stumblin' In» i staden for. Då If You Knew Suzi... kom ut på ny var både «Evie» og «Stumblin' In» med på albumet.
Medverkande
Mike Deacon – klaverinstrument, piano, synthesizer, korvokal[7]