Albumet fekk vørdnad i 2010 då det vart oppført på andreplassen på lista til Vatikanstaten over dei ti beste popalbuma gjennom tidene, publisert i den offentlege avisa til Vatikanet, L'Osservatore Romano.[4]
Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, mellom andre den mindre hitten «Music Is Love», som var eit samarbeid med Nash og Young som kom ut i april 1971. Singelen nådde 95. plassen på Billboard Hot 100.[5][6]
If I Could Only Remember My Name kom ut på CD første gongen den 25. oktober 1990, og vart digitalt nymastra frå dei originale masterlydbanda. Den 6. november 2006 kom det ut ei dobbelutgåva med ein lyddisk remastra i HDCD, og eit bonnusspor («Kids and Dogs», som ikkje var gjeven ut før, men som var meint for eit uutgjeve Crosby-album for Capitol Records tidleg i 1980-åra) og ein DVD Audio-disk med heile albumet remiksa for 5.1 digital kringlyd.
Graham Nash – gitar, vokal (på «Music Is Love»); vokal (på «Tamalpais High», «Laughing», «What Are Their Names», «Traction in the Rain» og «Song with No Words»)
Jerry Garcia – elektrisk gitar (på «Cowboy Movie», «Tamalpais High», «What Are Their Names» og «Song with No Words»); pedalsteelgitar (på «Laughing»); gitar (på «Kids and Dogs»); vokal (på «What Are Their Names»)