I'm Still Standing
«I'm Still Standing» er ein song av den engelske musikaren Elton John på albumet Too Low for Zero frå 1983. Han syng om å gjere eit comeback trass i problem i dagleglivet. Videoen var regissert av Russell Mulcahy og filma i Cannes og Nice i Frankrike. Somme kommentatorar merka likskapar mellom denne songen og David Bowie sin hit «Modern Love», som kom ut omtrent samstundes. Begge har sagt at songane vart spelte inn om lag samstundes utan at dei visste om kvarandre. Songen vart ein stor hit for John på begge sider av Atlanteren og nådde 4. plass i Storbritannia, førsteplassen i Sveits og 12. plass i USA. Martha Wash spelte seinare inn songen for filmmusikken til The First Wives Club. Medverkande
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|