I'm Free av The Who
«I'm Free» er ein song skriven av Pete Townshend og framført av The Who på albumet Tommy frå 1969. Songen er ein del av ein rockeopera og omhandlar Tommy som ønskjer å vekke andre folk åndeleg etter at han brått vart særs populær. Pinball Wizard (tidlegare på album) dukkar opp mot slutten av songen under «How can we follow?»-partiet. Songen vart mykje spelt under konsertane til The WH i 1969-1970, men bytta ofte plass i rekkefølgja med «Sensation». Det same vart gjort i filmutgåva og musikalutgåva av Tommy. I 1975 dukka songen opp på konsertane til The Who igjen. Denne utgåva inneheldt eit noko annleis gitarriff. Songen vart gjeven ut som singel i 1969. I 1997 spelte det kristne rockebandet Geoff Moore and the Distance songen på albumet deira Threads. Songen vart nytta i ein reklame for Nissan. Medverkande
Kjelder
Bakgrunnsstoff |