Måleri av Akil Agaa, frå William Francis Lynch-boka The Narrative of the USA Expedition of the Jordan River and the Dead Sea. Publisert i 1849Ny-melkittisk austleg katolsk kyrkje i I'billin.
Arkeologiske utgravingar i sentrum av landsbyen indikerer ei kontinuerleg busetnad frå jernalderen (800-talet fvt.) til mamelukkisk tid (1300-talet).[3]
Nasir Khusraw vitja staden i 1047: «Frå Damum reiste me sørover til ein annan landsby, kalla A'bilin, der grava til Hud ligg -fred vere med han! -som eg vitja. I nærleiken står eit morbærtre, og her ligg grava til profeten Uzair -fred vere med han! -som eg òg vitja.»[4]
Folketalet i 1859 var i følgje konsul Rogers 800 personar.[5]
I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at folketalet var 600, likt fordelt mellom muslimar og «greske kristne». Han noterte at sistnemnde hadde ei kyrkje tileigna St. Georg.[6]
I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) som «Ein landsby i høgda med hagar nedanfor i sør, og ei kjelde ('Ain 'Afieh) kring 1 km mot sør. Det står ein minaret til moskeen som er lett synleg. Denne moskeen og ein mur til byen er sagt å ha vore bygd av el Hajj Yusef, frå familien til Zeidaniyin, i følgje ein arabisk inskripsjon på veggen til moskeen. Husa i landsbyen er hovudsakleg av stein. Murane ligg sør for åsen, med oliven nær dei. Somme av innbyggjarane er greske kristne.»[5]
Akil Aga, ein beduin-sjeik frå Egypt som herska over området, bygde ei festning i Ibillin.[7] Han er gravlagd i landsbyen, i tillegg til familien Dhaher el-Omar.
I 1945 var folketalet i I'billin 1 660, all arabarar, som eigde 18 632 dekar land.[8] 2 367 dekar var plantasjar og irrigert land, 8 628 nytta for korn,[9] medan 95 dekar vart utbygd (urbant) land.[10]
I'billin vart erobra av det israelske forsvaret under den første fasen av Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948.[11] Dei fleste muslimane vart drivne bort og erstatta av kristne frå nabolandsbyar.[12] Byen vart ofte undersøkt for folk som ikkje var registrerte i folketeljinga i november 1948. Den 8. januar 1949 var landsbybuarane frå I'billin del av ei gruppe på 128 menn, kvinner og barn som vart drivne bort og inn på Vestbreidda ved 'Ara.[13] Byen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Abu Raya, Rafeh (19. april 2012), ‘Ibillin Preliminary Report, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, arkivert frå originalen 18. mai 2013, henta 6. desember 2014
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 48
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 90
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 140
↑Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s. 198
↑Morris, Benny (1993) Israel's Border Wars, 1949 - 1956. Arab Infiltration, Israeli Retaliation, and the Countdown to the Suez War. Oxford University Press, ISBN 0-19-827850-0. s.145