Honkin' on Bobo
Honkin' on Bobo er det fjortande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, gitt ut 30. mars 2004 på Columbia Records.[1] Albumet inneheld 11 coverversjonar av blues og bluesrock frå 1950-åra og 1960-åra, med ein ny låt, «The Grind». Albumet hyllar dei tidlegaste innverknadane til Aerosmith og viser eit råare lydbilete samanlikna med dei nyare kommersielle albuma deira. Honkin' on Bobo vart produsert av Jack Douglas, som var produsenten til Aerosmith på dei aller fleste av utgivingane deira på 1970-talet. Albumet selde over 160 000 eksemplar den første veka, og nådde femteplassen på Billboard 200.[2] Honkin' on Bobo vart sertifisert til gullplate av Recording Industry Association of America den 11. mai 2004.[3] BakgrunnEtter at dei forlét Geffen Records i 1994, ønskte bandet at deira neste plate skulle vera eit bluesalbum. «Så,» sa vokalist Steven Tyler, «fekk me nyss om at Clapton skulle gjera det, og me sa: 'Faen!'... Me gjorde så utruleg mykje undersøkingar for dette albumet òg... Me tenkte òg på røtene våre, på å hylla dei tinga me elska: tidleg Yardbirds og alt. Nokre av Little Walter sine tidlege ting. Verkeleg obskure namn... Eg grov litt rundt meg sjølv i Chicago. Me hadde nokre flotte songar å jobba med - og så kom Clapton og gjorde det.»[4] Honkin' on Bobo vart spelt inn på ranchen til Joe Perry i nærleiken av Boston, og bandet forplikta seg til berre å spela når dei var i godt humør. «Me ønskte å gjera noko me ikkje har gjort før, og som begeistrar oss,» sa Perry. «Det er det som får oss til å ønskja å gjera ei ny plate. Elles ville me sagt: 'OK, me har gjort alt me kan gjera, så kvifor gidd me å gå inn igjen?'» Albumtittelen vart foreslått av Tyler, som hadde høyrt uttrykket før, kanskje frå songen til det kanadiske country/bluegrass-bandet The Good Brothers, og mora bandet med det.[5] Perry uttalte under eit radiointervju: «Me veit berre at det er ein frase som høyrest jazzaktig, ekkelaktig ut, så det fungerer for oss.»[6] Mange spor inneheld munnspel av Tyler, inkludert Little Walters-songen «Temperature». Denne vart spelt i ein episode av House of Blues Radio Hour som handla om munnspel.[7] Den avgrensa utgåva av albumet kom med ein nøkkelring forma som eit munnspel.[8] Det første forslaget til eit omslag var eit munnspel stappa ned i dongerishortsen til ein modell. Det vart nedlagt veto sa Tyler, «fordi eg er i eit band med fire andre gutar.»[9] «Stop Messin' Around» - ein Fleetwood Mac-cover, sungen av Perry - hadde aldri tidlegare dukka opp på eit Aerosmith-album, trass i at han hadde vore mykje spelt på konsertane til bandet i meir enn ti år. Mottaking
Metacritic gav albumet ein skår på 69 av 100 baserte på 12 generelt positive meldingar.[10] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic sa at albumet er det beste bandet har gjort sidan Pump i 1989, og at det ikkje kan kallast eit «blues»-album fordi det er eit rockealbum. Han kalla albumet ei «overrasking» ved at, sjølv om plateomslaget og tittelen på albumet er dårleg, markerer det ei tilbakevending til Aerosmith.[8] I meldinga si for Blendersa Jon Pareles at bandet gjorde sitt bluesalbum annleis enn dei fleste andre fordi, i staden for å laga «respektable» coverversjonar, lagar dei ganske respektlause coverversjonar som «You Gotta Move». Albumet synte for han at Aerosmith framleis kan rocka.[11] Chris Willman frå Entertainment Weekly meinte at albumet ikkje levde opp til kva det burde vera fordi det er for høglydt, men nokre songar på albumet er gode.[12] David Fricke frå magasinet Rolling Stone skreiv ein artikkel for magasinet som samanlikna og kontrasterte Aerosmith sitt Honkin' on Bobo og Eric Clapton sitt Me and Mr. Johnson som òg utforska bluesinnverknader. Han sa at albumet til Clapton mest handla om smerte, medan albumet til Aerosmith handla om sex og å rømma frå elskarar. Han reknar òg Bobo for å vera eit dobbelt hyllestalbum - ei hyllest til dei opphavlege musikarane og ei hyllest til 1960-åras bluesrock-band - og reknar albumet for å vera overdriven, noko Aerosmith er gode på.[13] InnhaldI følgje plateomslaget:[15]
MedverkandeI følgje plateomslaget:[15]
Andre medverkande
Produksjon
Salslister
Salstrofé
Kjelder
|