Hjartholm i Gulen![]() Foto: Bjarne Thune ![]() Foto: Bjarne Thune ![]() Foto: Bjarne Thune Hjartholm er ein stad i Gulen kommune i Vestland. Hjartholm består av Indre og Ytre Hjartholm. Hjartholm ligg på sørsida av Sognefjorden mellom Botnen i aust og Breidvik i vest. NamnetNamnet blei skrive Hiortholm i 1563, Hjerthollum i 1603, Hiertholm i 1611, Indre og Ytre Hiertholm i 1667 Hjartholm i 1723. Lokal uttale av namnet er ja'rthålm eller jæ'rthålm. Ein rund åsrygg hol, holmr, stikk ut i Sognefjorden mellom Indre og Ytre Hjartholm. På begge sider av denne åsen var det i gamal tid skog som bestod av furu og bjørk, og i denne skogen var det Hjort. Ein meiner at dette kan vere noko av årsaka til namnet.[1] Indre HjartholmIndre Hjartholm ligg ved ei vik i Sognefjorden. Fram til 1644 var det berre eit bruk på Indre Hjartholm.[2] Frå rundt 1620-50 var det to plassmenn på garden.[3] Ytre HjartholmYtre Hjartholm ligg ved Sognefjorden ved ei vik med god ankerplass. Garden har hatt mykje bjørk og furuskog. Om beiteretten i fjelldalen Iserklov var det strid mellom bøndene på Ytre Hjartholm og bøndene i Breidvik på 1800-talet, men det kom til forlik slik at oppsittarane på Ytre Hjartholm ikkje skulle mjølke kyrne sine utanfor elva og oppsittarane i Breidvik ikkje skulle mjølke kyrne sine innanfor elva som renn gjennom dalen.[4] Inntil 1863 var det berre eit bruk på Ytre Hjartholm. Sidan blei det to bruk.[5] På Ytre Hjartholm var det plassmenn frå 1645.[6] Referansar
Litteratur
Bakgrunnsstoff |