Help Me av Joni Mitchell
«Help Me» er ein song skriven, produsert og framført av Joni Mitchell frå albumet hennar Court and Spark i 1974. Songen vart spelt inn med jazzbandet Tom Scott's L.A. Express som akkompagnement.[1] «Help Me» vart den største hitten til Mitchell og nådde sjuandeplassen i juni 1974 på Billboard Hot 100, som den einaste av songane hennar som nådde topp 10 på denne lista. Songen gjekk òg til topps på easy listening-lista.[2] Billboard skildra teksten på songen som «eit rom om hjelp til å kjenne seg bra.»[3] Songen vart rangert på 288. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4] Andre versjonarArtistar som har spelt inn songen er mellom andre:
I populærkulturenPrince-songen «Ballad of Dorothy Parker» (frå albumet Sign o' the Times frå 1987) nemner songen i teksten: «..and it was Joni singing: ‘Help me, I think I'm falling’.» Ein kan òg høyre ein sampling av songen på «Looking Through Patient Eyes» av P.M. Dawn. I showet South Park syng karakteren Butters denne songen i episode to av sesong 11. I sjette sesongen av TV-serien Shameless syng hovudrolla Frank Gallagher, og kjærasten Queenie, songen under ein frokost. Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|