Helga Gitmark
Helga Gitmark (30. september 1929–2. august 2008), fødd i Holt i Aust-Agder var ein norsk politikar for Senterpartiet. RegjeringHelga Gitmark var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) frå 5. mars til 16. oktober 1973 i Lars Korvald si regjering. Ho vart med dette Noregs og verdas første kvinnelege miljøvernminister. Ho blei som statsråd mest kjend for å ha stansa høghusplanane i Karl Johans gate i Oslo. Andre vervHelga Gitmark var nestleiar i Senterpartiet frå 1973 til 1979 og vararepresentant til Stortinget i perioden 1977-1981. Gitmark var medlem av og leiar i bispedømmerådet i Agder i eit par tiår og medlem av Kyrkjerådet og Kringkastingsrådet. Ho sat også i styret for Folkeaksjonen mot selvbestemt abort og var aktiv i lokalpolitikken i heimkomma Lillesand, der ho sat i kommunestyret i periodane 1971–1975 og 1991–1995. I 1991 fekk ho Kongens fortenestmedalje i gull. Kjelder |