Halabja
Halabja (kurdisk Hełebce) er ein by i Irakisk Kurdistan og hovudstaden i Halabja guvernement, kring 240 km nordaust for Bagdad og 15 km frå grensa til Iran. Byen ligg ved foten av det som ofte vert kalla den større Hewraman-regionen som strekkjer seg over grensa mellom Iran og Irak. Halabja er omgjeve av fjella Hawraman og Shnrwe i nordaust, Balambo i sør og elva Sirwan i vest. Kurdarane i byen snakkar berre soranidialekten av kurdisk, men somme innbyggjarar i dei kringliggjande landsbyane snakkar hewrami-dialekten. I 1988 under den iransk-irakiske krigen vart byen angripen med kjemiske våpen.[3][4] Åtaket fann stad under Anfal-felttoget der Saddam Hussein slo ned på kurdiske opprør under krigen. I mars 2010 vedtok den irakiske høgsteretten at Halabjamassakren var eit folkemord.[5] KlimaHalabja har eit heitt middelhavsklima (Csa) med særs varme somrar og kjølige, våte vintrar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|