Hal Sirowitz
Hal Sirowitz (fødd 1949) er ein diktar frå New York i USA. Han har gjort seg kjend gjennom diktframføringar og diktsamlingar. Desse er omsette til fleire språk. I Noreg fekk dei stor suksess med Erlend Loe som gjendiktar. Sirowitz budde lenge i Brooklyn i New York, der han var spesiallærar. Han flytta seinare til Philadelphia i Pennsylvania med kona Mary Minter Krotzer. Hal Sirowitz blei først kjend som diktar då han deltok i slampoesi ved Nuyorican Poets Cafe. I 1993 deltok han i National Poetry Slam. Seinare framførte han dikta sine ulike stader i USA og på fjernsynsprogram som Spoken Word: Unplugged på MTV[1] og The United States of Poetry på PBS.[2] Diktsamlinga Mother Said, som på norsk heitte Sa mor, blei ein stor suksess. I tillegg til store salstal i Noreg blei diktsamlinga dramatisert og sett opp ved Centralteatret i Oslo i 1999. I 1994 blei Sirowitz tildelt NEA Fellowship in Poetry. Frå 2000 til 2003 var han offisiell diktar (Poet Laureate) for Queens i New York.[3] Verkliste
Bakgrunnsstoff
Kjelder
|