HMS Donovan er det niande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det er et andre albumet til Donovan med barnemusikk, etter For Little Ones som var ein del av A Gift from a Flower to a Garden. HMS Donovan er det andre dobbeltalbumet hans og vart berre gjeven ut i Storbritannia, i juli 1971.
Historie
Donovan gifta seg med Linda Lawrence (ein gong kjærasten til Brian Jones) i oktober 1970. Då Linda vart gravid med det første barnet deira, starta han å arbeide med ei barneplate som inneheld innspelingar frå juli 1968 til 1971. Paul McCartney var med på nokre av innspelingane frå 1968 («Mr. Wind», «The Walrus and the Carpenter», «The Unicorn»), og det er piratkopiar der Donovan spelar desse songane med McCartney til stades. Ein demo av «Mr. Wind» vart spelt inn etter Barabajagal-innspelinga i eit lågare register og med andre stemmeeffektar. Den originale teksten til songen vart trykt på den britiske versjonen av Sunshine Superman, fire år før HMS Donovan kom ut.
Trass i at albumet inneheldt den mindre hitten «Celia of the Seals», selde HMS Donovan dårleg og nådde ikkje lista i Storbritannia. Epic Records nekta å gje ut albumet i USA. Dette fekk Donovan til å slå seg saman med den gamle produsenten Mickie Most for å prøve å finne attende til hit-formelen på det neste albumet.