Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Gulltorn

Gulltorn
Gulltorn
Gulltorn
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Genisteae
Slekt: Ulex
Art: Gulltorn U. europaeus
Vitskapleg namn
Ulex europaeus

Gulltorn (Ulex europaeus) er ein opptil to meter høg busk i erteblomfamilien. Han har små, eviggrøne blad og kraftige torner. Blomane er gule, og busken kan bløma heile året, men mest om seinvinteren og våren. Blomane har ei karakteristisk, søtleg, vaniljeaktig lukt. Til trass for at heile planten er kledd med stive og svært skarpe tornar, har han blitt hausta som husdyrfôr. Plantene blir då molne opp før dei blir gjevne til dyra.

Busken set preg på landskapet mange stader i Vest-Europa, særleg på Dei britiske øyane, i Vest-Frankrike og i Galicia i Spania. Hekkane som er så typiske for det britiske kulturlandskapet består mellom anna av gulltorn, «gorse». Planten er også innført til andre verdsdelar der han nokre stader har blitt eit brysamt ugras som fortrengjer naturleg vegetasjon. Gulltorn er teke med i Verdas naturvernunion si liste over dei 100 mest skadelege invasive artane i verda.

Ein meinte tidlegare at gulltorn hadde vakse naturleg i Noreg ved Mandal, og arten var oppført som utrydda i eldre utgåver av Norsk raudliste for artar. I Framandartslista blir alle dei fem norske førekomstane vurderte som innførte med ballast eller tømmer. Gulltorn toler lite frost og forsvinn etter nokre år. I Framandartslista er han oppført i kategorien høg risiko på grunn av avgrensa invasjonspotensial og middels økologisk effekt.[1]

Galleri

Kjelder

  1. «Karplanter. Vurdering av økologisk risiko for gulltorn Ulex europaeus som HI for Fastlands-Norge med havområder». Fremmedartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 15. september 2023. 

Bakgrunnsstoff


Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya