GullstandardGullstandard er eit pengesystem der pengeeinninga er uttrykt som ei fast vektmengd gull, og der ein kvar kan krevje å få pengesetlane løyste inn i gull eller få gull i bytte for setlar. England innførte gullstandard i 1816, som det første landet i verda. Ut over 1800-talet følgde dei fleste landa etter. I Noreg vart gullmyntfoten innført i 1875, i staden for den eldre sølvstandarden. I Russland og Japanvart gulstandarden innført i 1897. Etter norsk gullstandard skulle grunnlaget for pengesystemet vere gull, og pengeeininga var ei krone med same verdi som vekta av 25/62 eller 0,40323 g fint gull. Gullstandarden var i Noreg suspendert frå 1914 til 1916, 1920-1928 og for godt frå 1931. I gjeldande lovverk har kroneverrdien ikkje noko formell samanheng med gullverdien. Gullstandarden vart suspendert i dei fleste land under første verdskrigen. I England vart han suspendert for godt 21. september 1931, og dei skandinaviske landa og dei fleste samveldelanda følgde etter. Former for gullstandardGullstandarden kan gjennomførast som
Kjelder
|