Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Grid i norrøn tid

Eirik jarl gjev grid til Vagn og jomsvikingane etter slaget ved Hjørungavåg.

Grid (norrønt grið) er i norrøn historie ei form for amnesti eller ettergjeving av straff -  gjeve til ein person som på einkvan måte har forbrote seg mot lóvar eller styresmakta. Den sigrande parten i ein kamp eller eit slag kunne gje grid som eit nådetilsagn til enkelte eller alle av motstandarane. Grid kunne òg vera eit tilsagn om fridom frå rettargång i ei avgrensa periode. Omgrepet vart òg nytta i tilknyting til stadar eller tidsperiodar der spesielle fredlysningsreglar gjalt.

Ein gridstad (norrønt: griðastaðr) er eit fredlyst område, f.eks ein tingstad. Tilsvarande er gridstid er ein fredhelga tidsperiode: I våronnterminen skulle det til dømes ifølgje gammal norsk lov ikkje førast fram søksmål.

Snorre skriv at Eirik Håkonsson etter slaget i Hjørungavåg på slutten av 900-talet gav grid til mange av jomsvikingane, som hadde støtta den tapande danske parten.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya