Golden Earring gjekk for ein meir radiovenleg stil på denne plata og slo seg saman med produsenten Jimmy Iovine, som polerte stilen deira. Dei brukte fleire studiomusikarar på plata, som perkusjonisten Jimmy Maelen.[1] Singelen «Movin 'Down Life» vart ein liten hit. Trass i den glattare stilen og stor kostnad selde albumet dårleg.
Mottaking
Allmusic skriv om albumet: «Hardrocksongane vert hindra av den særs glatte produksjonen til Jimmy Iovine, som gjer at alle songane høyrest heilt like ut. Den einaste rockelåten som står ut frå resten er «Leather», ein frekk ode til sadomasochisme. Trass i somme høgdepunkt er Grab It for a Second for andletslaust til at å vinne Golden Earring nye fans, og er berre tilrådd den hardaste kjernen av fansen deira.»[1]