Gonen
Gonen (hebraisk skrift גּוֹנֵן, tyder 'Forsvart') er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg på Galileastripa nær Kiryat Shmona, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 314. HistorieGonen vart grunnlagd 13. august 1951[1] som ei Nahal-busetjing, og vart sivilisert eit år seinare av ei gruppe hebraiske speidarar.[2] Han var den første Nahal-busetjinga som vart omgjort til ei sivil busetjing. Namnet kjem frå Kongebøkene og symboliserer den strategiske plasseringa til busetjinga og nærleiken til grensa mellom Israel og Syria frå før seksdagarskrigen. I perioden 1949–1967 var det stadig småtrefningar med syrarane i området kring landsbyen.[2] I 1994 starta ein prosess med å gjere kibbutzen om til ein fellesbusetnad.[2] Kjelder
|