Go Bo Diddley er det andre albumet til rock and roll-pioneren Bo Diddley. Det vart gjeve ut i juli 1959.[1] Albumet var det første studioalbumet til Diddley og det første han gav ut på Checker Records. Albumet vart rangert på 214. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[7]
Bakgrunn
B-sida til singelen «Hush Your Mouth», «Dearest Darling», vart gjeven ut i juni 1958 og var òg på debutalbumet til Diddley. Den neste singelen hans, «Willie and Lillie», kom ut i november 1958 og så på dette albumet. «I'm Sorry»/«Oh Yea» kom så på singel i februar 1959[4] og nådde 17. plassen på Billboard si Hot R&B Sides-liste.[8] Den neste singelen, «Crackin' Up» med B-sida «The Great Grandfather», kom ut i mai.[5]Go Bo Diddley vart gjeve ut to månader seinare i juli.[1] I november 1959 gav ut Diddley ut den mest populære singelen sin, «Say Man»/«The Clock Strikes Twelve» som vart ein hit som nådde 20. plassen på Billboard Hot 100. Resten av songane på albumet var berre albumspor, inkludert «You Don't Love Me (You Don't Care)» som Little Walter kalla «Roller Coaster» og gav ut på singel.[9]
Innspeling
Den originale innspelinga vart gjort i mono med ein Ampex-350 lydbandopptakar.[10] Songane «You Don't Love Me (You Don't Care)»[2] og «Little Girl» var frå den første innspelinga til Diddley for Chess Records den 2. mars 1955.[3]
Innhald
Alle spor skrivne av Ellas McDaniel (Bo Diddley), utanom «I'm Sorry» som vart skriven i samarbeid med Alan Freed og Harvey Fuqua.[10]