Getting Closer
«Getting Closer» er ein rockelåt frå det engelsk-amerikanske rockebandet Wings, bandet til Paul McCartney etter The Beatles. Songen vart gjeven ut på albumet Back to the Egg. Trass i at han kom ut i 1979, skreiv Paul McCartney «Getting Closer» i 1974.[1] Han henta songen fram att for Back to the Egg og omgjode han frå ein langsam song til ein «drivande rockelåt».[1] Som dei fleste songane frå Back to the Egg har «Getting Closer» ein smak av punk og new wave.[2] Forfattaren og skribenten i Mojo Tom Doyle skildra songen som ein «power-pop»-song som minna om det engelske bandet Squeeze.[3] «Getting Closer» kom ut med B-sida «Spin It On» i USA i juni 1979 som den første singelen der frå Back to the Egg. Singelen nådde 20. plassen på Billboard Hot 100-lista og nådde same plass på Cashbox-lista og 22. plassen på Record World-lista. Den første singelen i Storbritannia var «Old Siam, Sir», men kom ut i Storbritannia i august 1979. Der vart han marknadsført som ei dobbel A-side med «Baby's Request», men selde dårleg og nådde berre 60. plassen.[4][5] Det vart laga musikkvideoar til fleire av songane på albumet, inkludert «Getting Closer». SalslisterVekeslister
Årslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff |