Geir Indrefjord
Geir Indrefjord (fødd 1987) er ein norsk politikar og tidlegare statssekretær for Senterpartiet. BakgrunnIndrefjord er frå Tasta i Stavanger og er busett på Vinterbro i Ås. Han har bakgrunn som boredekkarbeidar og militærtolk.[1] Han er utdanna siviløkonom, lege og lektor og har fleire akademiske grader frå m.a. Universitetet i Bergen og Forsvarets høgskole.[2]. I perioden 2008-2010 tenestegjorde han i den norske PRT-en i Maimana i Afghanistan. VirkeGeir Indrefjord var leiar for Senterungdommen i Bergen 2013-2015 og leiar for Hordaland Senterungdom 2014-2016. Frå 2016 var han finanspolitisk rådgjevar for Senterpartiets stortingsgruppe.[3] Frå februar 2022 til februar 2025 var Indrefjord statssekretær for Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i Finansdepartementet, med unntak av perioden november 2022-oktober 2023 då han var statssekretær for Emilie Enger Mehl (Sp) i Justis- og beredskapsdepartementet.[4] FamilieIndrefjord er tvilling. Han og tvillingbroren Mats Indrefjord Høllesli vann kvar sin førstepris i Unge forskere 2006.[5] Kjelder
|