Fyresdal, eller Moland, er einaste tettstad og eit administrasjonssenter i Fyresdal kommune i sørvestlegaste delen av Telemark fylke. Bygda ligg langs Fv355 i nordenden av Fyresvatn, omtrent fem mil frå Treungen i Nissedal kommune i søraust og like langt frå Dalen i Tokke kommune i nord.
Det meste av offentlege og private tenester i kommunen ligg på staden.
Historie
På 1870-talet oppstod på grunnen til Folkestad gard eit nærings- og handverkssentrum som vart kalla Folkestadbyen. Det var tre gater i eit triangelmønster: Hovudvegen (no Folkestadgata-Gamleveg), Skippergata og Lensmannsgata. I laupet av 40 år vart hus flytta dit frå andre delar av bygda, og nye vart oppførte, fleire av dei i sveitserstil. Her budde handverkarar av ymse slag, men òg folk som lensmann, kaptein på rutebåten på Fyresvatn, postkøyrar, jordmor og handelsmenn. Innanfor denne litle byen fanst så seint som for 60 år sidan fem-seks daglegvarebutikkar, manufakturhandel, meieri, bakeri, bedehus og vertshus.
Etter kvart har tettstaden vakse ytterlegare, og i dag nyttast namnet Folkestadbyen berre om dei gamle delane. Ein del av dei gamle husa tilhøyrer Fyresdal bygdemuseum, som i sin tur er ein del av Vest-Telemark Museum. Folkestadbyen fekk i 2003 tettstadsprisen for Telemark.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling i Fyresdal tettstad
|
År
|
|
|
Innbyggjarar
|
|
1890 |
|
95 |
1900 |
|
127 |
1910 |
|
174 |
1920 |
|
147 |
1930 |
|
169 |
1946 |
|
150 |
1950 |
|
197 |
1960 |
|
304 |
1970 |
|
379 |
1980 |
|
473 |
1990 |
|
313 |
2000 |
|
403 |
2009 |
|
354 |
2012 |
|
352 |
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar
|
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |