Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Fritt fall

Scott utfører eit eksperiment under månelandinga Apollo 15.

Fritt fall er rørsle der tyngdekrafta står for all akselerasjon.

Når ein gjenstand A berre er påverka av tyngdekrafta frå ein gjenstand B, seier ein at gjenstand A fell fritt i tyngdefeltet til B. Då har A ein akselerasjon lik tyngdeakselerasjonen i feltet til B. Denne akselerasjonen er også lik gravitasjonsfeltstyrken.

der M er massen til B og r er avstanden mellom tyngdepunkta til A og B.

Nær havoverflata på jorda, har g gjennomsnittsverdien . Denne kan reknast ut numerisk ved å finne integralet av ein harmonisk varierande funksjon for g med breiddegrad som uavhengig variabel, og dele på 180°.

Sjølv om definisjonen ekskluderer andre krefter som luftmotstand, nyttast også uttrykket fritt fall om fall gjennom ein atmosfære. I fallskjermhopping og BASE-hopping vert aktiviteten mellom utsprang og skjermopning kalla «frittfall».

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya