Frederik Motzfeldt
Frederik Motzfeldt (2. november 1779–2. januar 1848) var ein norsk politikar og jurist som representerte Molde på riksforsamlinga i 1814. Han var utdanna jurist frå Universitetet i København (1801) og vart utnemnd til byfut i Molde 1802, ei stilling han hadde i om lag eitt år. I 1805 reiste han til København og søkte fåfengd etter embete i over eitt år før han vart konstituert til byfogd i Molde og sorenskrivar i Romsdal. Under riksforsamlinga i 1814 deltok han ikkje aktivt i diskusjonane, men fylgde passivt Sjølvstendepartiet. Seinare gjorde han heller ikkje politisk karriere, og tente berre som stortingsvara i 1827 og stortingsrepresentant i 1830 for Kristiania. Hausten 1814 vart han derimot utnemnd til høgsterettsassessor, som den yngste nokosinne. Han vart sitjande i denne stillinga lenger enn nokon andre, og viste gjennom avrøystingane sine i fleire politiske rettssaker ei demokratisk grunnhaldning. Kjelder
|