Forsvarssjefen![]() Forsvarssjefen (forkorta FSJ) er den øvste militære leiaren i Noreg under Kongen. Forsvarssjefen fungerer òg som Regjeringa sin næraste fagmilitære rådgjevar og som etatssjef for Forsvaret.[1] Forsvarssjefen er direkte underlagt Forsvarsdepartementet og vert støtta av Forsvarsstaben. Forsvarssjefen har sidan 1970 hatt graden (verkeleg) general eller admiral. Før 1970 var det berre kongen som hadde denne graden.[2] Den militære organisasjonen til forsvaretDen militære organisasjonen til forsvaret (FMO) er dei organisasjonseiningane som er underlagt forsvarssjefen. HistorieStillinga som Forsvarssjef som leiar av Overkommandoen til forsvaret vart oppretta under felttoget i Noreg i 1940. Føremålet var å ha ein leiar for heile forsvaret.[3] Frå 1857 til 1940 vart den tilsvarande stillinga kalla generalstabssjef og var sjef for Generalstaben (som eksisterte 1814–1940), med unntak av perioden 1930–1933 då Generalstaben vart leidd av kommanderande general. Frå 1946 til 1962 hadde Noreg ingen forsvarssjef, men i denne perioden blei funksjonen utført av sjefen for Forsvarsstaben. Norske forsvarssjefar
Referansar
|