Forbrukarsamfunn![]() Forbrukersamfunn er eit uttrykk som oftast vert nytta for å skildra samspelet mellom einskildindivid (forbrukar) og samfunn i ein vekstøkonomi. Uttrykket vert både nytta i positiv og negativ tyding. ØkonomiInnan mikroøkonomi vert omgrepet vanlegvis nytta for å skildra fremjing av interessene til forbrukaren. Samfunnet er avhengig av forbruk, og med grunnlag i denne avhengnaden til den enkelte forbrukaren tilskrive påverknadskrafta, og i nokre tilfelle rettar. Grunnleggjande refererer dette til teorien om at forbrukaren sitt val avgjer den økonomiske strukturen til samfunnet. Kritisk teoriInnan kritisk teori vert omgrepet ofte nytta for å skildra eit samfunn der materielt forbruk har teke over for andre verdiar som sentralt lukkeberande element. Dette verdiskiftet vert skildra som øydeleggjande både for einskildindividet og for samfunnet i sin heilskap, både på eit psykisk og fysisk plan. Noko av denne kritikken kan sjåast igjen i framvoksteren av rørsler som Simple living og Buy nothing day. MiljøvernMiljørørsla har alltid stått for ein skarp kritikk av forbrukarsamfunnet, og med Brundtlandkommisjonen sin introduksjon av omgrepet berekraftig utvikling i 1987 fekk synspunkta til miljøvernsrørslene òg meir gehør innan økonomisk planlegging.[1] Kjelder
|