Forbrukar- og administrasjonsdepartementetForbrukar- og administrasjonsdepartementet er eit tidlegare norsk departement. Departementet vart oppretta den 8. mai 1972, under Regjeringa Bratteli I. Departementet kom for ein stor del i staden for Familie- og forbrukardepartementet, som vart lagt ned samtidig. Inger Louise Valle, som hadde vore statsråd i Familie- og forbrukardepartementet vart den første statsråden i det nyoppretta Forbrukar- og administrasjonsdepartementet. Departementet vart lagt ned under Regjeringa Syse, den 31. desember 1989. Frå 1. januar 1990 vart familie- og forbrukarsakene behalde i det nye Familie- og forbrukardepartementet. Og frå same dag vart administrasjonssakene saman med arbeidssakene frå Kommunal- og arbeidsdepartementet ført over til det nyoppretta Arbeids- og administrasjonsdepartementet. HistorieDepartementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver.
Sjå ogsåNorske forbrukar- og administrasjonsministrar Kjelder |