Foramen
![]() Ein foramen (pl. foramina) er i anatomien ei nemning som blir bruka om ei naturleg opning.[1] Foramina i menneskekroppen verkar som ei opning der musklar, nervar, arteriar, vener og andre strukturar passerer for å kople ein kroppsdel til ein annan. I hovudskallen hjå ryggbeinsdyr finn ein ei rekkje foramina, mellom anna foramen magnum. Foramina finn ein òg i ryggvirvlane i ryggsøyla, såkalla intervertebralforamina, som dannar ein kanal frå golvet til taket av knokkelen, der mellom anna ryggmergen passerer. Døme på andre foramina er:
VariasjonarEin studie frå 1988 undersøkte variasjonar i høgre og venstre foramen jugulare i 156 hovudskallar. I 69% av skallane var den høgre f. jugulare større enn den venstre, og i 23% var den venstre noko større. I dei attståande skallane var begge foramina like store.[2] Sjå ògKjelder
|