Fools Rush In (Where Angels Fear to Tread)
«Fools Rush In» er ein amerikansk popsong frå 1940. Teksten vart skriven av Johnny Mercer og musikken av Rube Bloom.[1] Dei største hitversjonane av songen på den tida var av Tony Martin, Glenn Miller med Ray Eberle[2] og Tommy Dorsey med Frank Sinatra. Han vart òg spelt inn av Billy Eckstine. Songen vart populær att i 1960-åra som pop- og R&B-song, med nyinnspelingar av Brook Benton, Etta James og Ricky Nelson.[3] Ricky Nelson-versjonen vart ein enorm hit og nådde 12. plassen på Billboard si popliste og vart den mest kjende versjonen av songen. Versjonen vart nytta i Kenneth Anger-filmen Scorpio Rising (1963). Doris Day og André Previn spelte inn ein duett for albumet Duet i 1965. Elvis Presley spelte inn songen i same stil som Ricky Nelson i 1971 og denne kom ut i 1972 på albumet Elvis Now. Bow Wow Wow spelte inn songen i 1980 på debutplata Your Cassette Pet. She & Him spelte Ricky Nelson-versjonen for Levi's Pioneer Sessions i 2010.[4] Andre kjende innspelingar
Kjelder
|