Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Florisuga

Florisuga
Svartkolibri (Florisuga fusca)
Svartkolibri (Florisuga fusca)
Kvitnakkekolibri (Florisuga mellivora)
Kvitnakkekolibri (Florisuga mellivora)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Florisuginae
Slekt: Florisuga
Bonaparte, 1850

Florisuga er ei slekt i kolibrifamilien (Trochilidae) som omfattar to artar heimehøyrande i neotropane. Utbreiingsområdet strekkjer seg frå sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika og store delar av Sør-Amerika, til nordlege Bolivia, nordaustlege Argentina og Uruguay.

Det feminine latinske slektsnamnet Florisuga kjem frå orda floris, som tyder «blome», og sugere, som tyder «suge» eller «slurpe».[1]

Kjenneteikn

Artane i denne slekta er mellomstore kolibriar, og måler mellom 11 og 13 cm i kroppslengd. Dei har svært ulike fjørdrakter: Kvitnakkekolibri (Florisuga mellivora) viser tydeleg kjønnsdimorfisme, hannar har ein glitrande kombinasjon av blått, grønt og kvitt, medan hoene har meir dempa fargar. Svartkolibri (Florisuga fusca) har ikkje kjønnsdimorfisme, og begge kjønn er hovudsakleg svarte og kvite. Begge artane har rette, svarte nebb.[2][3]

Systematikk

Fleire fylogenetiske studiar har vist at slekta Florisuga, saman med Topaza, utgjer ei basal grein innan kolibrifamilien. På bakgrunn av dette plasserer somme systematikarar desse to slektene i ein eigen underfamilie Florisuginae.[4]

Arten Florisuga fusca har tidlegare vore plassert i ei monotypisk slekt kalla Melanotrochilus, men etter at ho blei overført til slekta Florisuga, blir det gamle slektsnamnet rekna som eit synonym.

Artsoversyn

Slekt Florisuga i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige:[7]

Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Autor Utbreiing
Kvitnakkekolibri Florisuga mellivora (Linné, 1758)
Svartkolibri Florisuga fusca (Vieillot, 1817)

Kjelder

Referansar
  1. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 162. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Schuchmann, K.L.; Kirwan, G. M.; Boesman, P. F. D. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Black Jacobin (Florisuga fusca), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.blkjac1.01. 
  3. Stiles, F. G.; Kirwan, G. M.; Boesman, P. F. D. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «White-necked Jacobin (Florisuga mellivora), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.whnjac1.01. 
  4. «A Classification of the Bird Species of South America, part 3 Apodiformes». South American Classification Committee. Henta 25. juni 2025. 
  5. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 16. juni 2025
  6. «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 16. juni 2025.  søk på Florisuga
  7. BirdLife International (2024). «Florisuga». IUCN - Global raudliste. Henta 16. juni 2025. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Florisuga
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya