Fjellet Pollux
Pollux (italiensk Monte Polluce) er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Sveits og Italia med ei høgd på 4 092 meter over havet. Han er den lågare av to tvillingtoppar. Den andre toppen er Castor og begge er kalla opp etter Geminitvillingane i romersk mytologi. Passet mellom dei toppane er 3 845 meter høgt og heiter Passo di Verra på italiensk og Zwillingsjoch på tysk. Dei første som nådde toppen av fjellet var Jules Jacot frå Genève med guidane Josef-Marie Perren og Peter Taugwalder den 1. august 1864. Ruta deira gjekk via Schwartztor, eit pass som først vart kryssa av John Ball og Gabriel Zumtaugwald i 1845. Den imponerande nordveggen vart først klatra av Kaptein John Percy Farrar og Wylie Lloyd med guiden Josef Pollinger den 18. august 1893. BakgrunnsstoffKjelde
|