Eurovision Song Contest 1974
Eurovision Song Contest 1974 var den 19. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga fann stad laurdag 6. april 1974 i The Dome i Brighton i Storbritannia. Eigentleg skulle Luxembourg ha stått vertskap, etter å ha vunne på heimebane året før, men den luxembourgske kringkastaren CLT hadde ikkje økonomi til å arrangere finalen to år på rad. Dimed trødde BBC nok ein gong inn som vert, slik kringkastaren også hadde gjort i 1960, 1963 og 1972. Dette var femte gongen Storbritannia arrangerte finalen, og for fjerde gong var tv-personlegdommen Katie Boyle programleiar. Tevlinga samla 17 land. Opphaveleg var 18 land påmelde, blant dei debutlandet Hellas. Kort tid før finalen trekte Frankrike seg frå tevlinga, i respekt for president Pompidou, som hadde døydd fire dagar før finalen. Malta og Austerrike heldt seg også dette året utanfor tevlinga. I likskap med året før, kunne deltakarane syngje på det språket dei ønskte. Samtidig gjekk EBU tilbake juryordninga frå åra 1957–1961 og 1967–1970. Kvart land hadde ein jury med ti medlemmar som kvar gav eitt poeng til sin favorittsong. Dette var siste gongen denne ordninga blei brukt. For fyrste gong vann Sverige Eurovision Song Contest, representert av popgruppa ABBA og songen «Waterloo». Vinnarlåten blei ein stor salssuksess og bana veg for ABBAs vidare internasjonale karriere. Den italienske vinnaren frå 1964, Gigliola Cinquetti, blei nummer to med «Sì», mens Mouth & MacNeal frå Nederland kom på tredjeplass med «I See a Star». Vertslandet Storbritannia blei nummer fire med Olivia Newton-John og «Long Live Love». Ho delte fjerdeplassen med Luxembourg og Monaco. Noreg enda i motsett ende av resultatlista. Anne-Karine Strøm framførte «The First Day of Love» og enda på ein firedelt sisteplass med 3 røyster. Dette var tredje gongen Noreg kom på sisteplass i tevlinga. Sendinga![]() Etter å ha vunne på heimebane i 1973, med «Tu te reconnaîtras» og Anne-Marie David, takka den luxembourgske kringkastaren nei til å arrangere finalen i 1974. Særleg var det dei omfattande krava til sikkerheit som gjorde arrangementet så dyrt og omfattande at Luxembourg ikkje ønskte å ta på seg arrangørjobben igjen.[1] Nok ein gong steppa den britiske kringkastaren BBC inn som reserve-vert.[2] Dette var fjerde gongen BBC arrangerte Eurovision Song Contest på vegner av eit anna land, og femte gongen Storbritannia var vertskap. BBC la tevlinga til Brighton, heilt sør i England, og til konserthallen i kunstsenteret The Dome. Finalen blei arrangert laurdag 6. april 1974, og 17 land deltok. Hellas debuterte i tevlinga. Igjen var Katie Boyle programleiar, slik ho også hadde vore i 1960, 1963 og 1968. Med fire finalar er Boyle den som har leia flest Eurovision Song Contest-finalar. Også dette året kunne artistane syngje på det språket dei ville. Eigentleg skulle også Frankrike ha delteke med songen «La vie à vingt-cinq ans» (norsk omsetjing: livet ved 25 år) og artisten Dani. Men presidenten i landet, Georges Pompidou, døydde fire dagar før finalen. Av respekt for den avlidne statsleiaren valde difor Frankrike å trekkje seg frå tevlinga.[2] Frankrike skulle ha stått på scena som nummer 14, og produsentane filma artisten Dani sitjande blant publikum då det franske bidraget skulle ha vore framført. Også Malta hadde ytra ønske om å delta med songen «Peace to the World» og artisten Enzo Guzman, men den maltesiske kringkastaren droppa deltakinga av økonomiske grunnar.[3][4] Sendinga blei kringkasta til 32 land med eit potensielt publikum på 500 millionar sjåarar. Både startrekkefølgja og avrøystingsrekkefølgja blei avgjorde med loddtrekking. Finland starta, mens Italia avslutta. Noreg blei trekt til å starte som nummer fire. Programmet opna med ein introduksjonfilm om Brighton, før programleiaren Katie Boyle ønskte velkommen på engelsk og fransk. Pausenummeret var ein kortfilm med The Wombles, ei britisk popgruppe der artistane var utkledde som figurane frå barne-tv-programmet med same namn. Heile finalesendinga frå Brighton varte i 1 time og 50 minutt.[5] Hitar og vinnararBlant deltakarane var det fleire kjende namn dette året. Australske Olivia Newton-John deltok for Storbritannia med «Long Live Love» og blei nummer fire. Newton-John mislikte songen og skal ha føretrekt fleire av dei andre songane frå den britiske finalen, men songen blei røysta fram av britiske tv-sjåarar i ei postkortavrøysting.[6] Vinnaren av Eurovision Song Contest 1964, Gigliola Cinquetti, stilte igjen for Italia med låten «Sì» og kom på andreplass. Popduoen Mouth & MacNeal blei nummer tre for Nederland. Dei hadde hatt stor suksess med låtar som «How Do You Do» og «Hello-a» to år tidlegare, og duoen fekk ny suksess med songen «I See a Star» etter tevlinga. På den norske VG-lista låg det nederlandske bidraget i 17 veker med tredjeplass som høgaste notering.[7] Britiske «Long Live Love» låg på VG-lista i elleve veker, også den med tredjeplass som høgaste notering.[8] Men vinnarsongen «Waterloo» med ABBA fekk den klart største suksessen, både i Noreg og ellers i Europa.[9][10] Ei supergruppe blir fødd![]() For Sverige stilte kvartetten ABBA med låten «Waterloo». Dei hadde blitt nummer tre i svenske Melodifestivalen året før med songen «Ring Ring» – men då hadde kvartetten kalla seg Björn, Benny, Agnetha & Frida. Før finalen i Brighton var ABBA storfavorittar til å vinne, og gruppa gjekk på scena i legendariske kostyme, sølvstøvlar og med stjerneforma gitarar. I tillegg var dirigent Sven-Olof Walldoff utkledd som Napoléon. ABBA si livlege og fargerike framsyning braut alle tradisjonar i tevlinga og sette ein ny standard for Eurovision Song Contest i åra framover.[2][9][10] I avrøystinga vann «Waterloo» med 24 poeng, der to kom frå den norske juryen. Dette var den fyrste sigeren til Sverige i Eurovision Song Contest, og den andre skandinaviske etter Danmark si «Dansevise» i 1963. Det var også fyrste gongen ei gruppe vann Eurovision Song Contest. «Waterloo» blei ein enorm salssuksess og bana veg for den vidare internasjonale karrieren til ABBA.[9][10] Songen nådde også den amerikanske Billboard-lista, og er blant dei mestseljande singlane i verda nokonsinne med over 5 millionar selde eksemplar.[11][12][13] Songen har ved fleire høve blitt kåra til den beste Eurovision-songen gjennom tidene, blant anna under jubileumsprogrammet i høve 50-årsjubiléet til Eurovision Song Contest i 2005.[14][15] Noreg sitt bidrag![]() Norge stilte med låten «The First Day of Love», framført av Anne-Karine Strøm. I den norske finalen blei vinnarsongen «Hvor er du?» framført av Jahn Teigen med lite orkester og Anne-Karine Strøm med stort orkester. Dette var fyrste gongen Teigen dukka opp i Melodi Grand Prix-samanheng, men det skulle bli langt frå den siste. NRK valde til slutt Anne-Karine Strøm til å representere Noreg i Brighton, og songen blei omsett til engelsk med tittelen «The First Day of Love». Dette var fyrste gongen eit norsk bidrag ikkje hadde nokon som helst tekst på norsk. Songen var skriven av Frode Thingnæs og Philip Kruse. I Brighton var Noreg det fjerde bidraget ut på scena. Som koristar hadde Strøm med seg Bendik Singers, beståande av Anne Lise Gjøstøl og brørne Bjørn og Philip Kruse. Det norske bidraget fekk berre tre poeng – eit poeng kvar frå Sverige, Monaco og Belgia. Med det enda Noreg på ein firedelt sisteplass saman med Portugal, Sveits og Tyskland. Komponisten Frode Thingnæs dirigerte det britiske orkesteret under Noreg si framføring, mens John Andreassen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet.[16] For fyrste gong hadde NRK Radio ein eigen kommentator, Erik Heyerdahl, som skulle komme til å kommentere sendinga fleire gongar sidan.[16][17] Sverre Christophersen las røystene frå den norske juryen frå studio på NRK Marienlyst i Oslo. Politikken gjer sin entréFleire av bidraga dette året blei kopla til politiske hendingar. Frankrike måtte trekkje seg på grunn av at presidenten døydde nokre dagar før finalen, mens italiensk fjernsyn ikkje sende finalen direkte.[18] Årsaka var at Italia skulle halde folkeavrøysting om skilsmisse månaden etter finalen. Den italienske kringkastaren Rai meinte songtittelen på det italienske bidraget «Sì» (‘ja’) kunne tolkast som ei oppfordring til å røyste ja i folkeavrøystinga. Difor sensurerte Rai songen og sende finalen frå Brighton i opptak etter at folkeavrøystinga var gjennomført 12. mai same år.[6][19][20] ![]() Men størst politisk effekt fekk det portugisiske bidraget «E depois do adeus», sungen av Paulo de Carvalho. Trass i den delte sisteplassen blei songen ei viktig brikke i overgangen frå diktatur til demokrati i Portugal.[21] «E depois do adeus» blei brukt som eit av to kallesignal for å setje i gang Nellikrevolusjonen i Portugal. Då songen blei spelt på portugisisk radio klokka 22.55 om kvelden 24. april 1974, var dette eit signal til opprørarane om å førebu kuppet for å velte det sitjande regimet i Lisboa. Det andre kallesignalet kom like etter midnatt, då visesongen «Grândola, Vila Morena» blei spelt på same kanal.[22] Hendinga blei vigd ein eigen kortfilm under semifinale 2 av Eurovision Song Contest 2018, då konkurransen gikk av stabelen i Portugal.[23] I boka Official History of The Eurovision Song Contest kommenterer forfattar John Kennedy O'Connor at «E depois do adeus» er det einaste Eurovision-bidraget «som faktisk har starta ein revolusjon».[6] AvrøystingaDette året gjekk EBU tilbake til det same avrøystingssystemet som blei brukt i åra 1957–1961 og 1967–1970. Kvart land hadde ein jury på ti medlemmar, der halvparten måtte vere under 30 år. Kvart medlem gav ei røyst til sin favorittsong. Dette tydde at kvart land hadde ti røyster til fri distribusjon, unntatt til songen frå sitt eige land. EBU sin oppsynsmann for avrøystinga var Clifford Brown. Juryane sat i sine heimland og vurderte bidraga ut frå lydopptak. Dei ti jurymedlemmane skulle ha ulik bakgrunn, alder, kjønn og heimstad.[24] For fyrste gong blei det gjennomført ei loddtrekking for å bestemme rekkefølgja landa skulle røyste i, noko som ikkje blei gjort igjen før i 2006. Sverige leia avrøystinga hele vegen, men sigeren var langt frå suveren. Etter at den britiske juryen gav 5 røyster til Italia og ingen til Sverige, låg Sverige og Italia nesten likt. Halvvegs ut i avrøystinga leia Sverige med 12 røyster, og like bak låg Belgia og Italia med 10, mens Nederland hadde 9. Då tre land stod igjen for å røyste, leia Sverige med berre to røyster over Italia. Men mot slutten drog Sverige i frå, og ABBA vann til slutt tevlinga med 24 røyster over Italias 18. Nederland blei nummer tre med 15 røyster. På grunn av dødsfallet til den franske presidenten fire dagar tidlegare kunne ikkje fjorårsvinnaren, franske Anne-Marie David, komme til Brighton for å overlevere sigerstrofeet.[6] I staden var det generaldirektøren for BBC og EBU-president Charles Curran som overleverte prisen til ABBA.[5] DeltakararListe over deltakarane og det offisielle resultatet.[25] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen finns i kolonnane til høgre.
Artistar som har delteke tidlegare
PoengtavleTavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen. Rekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking.[27]
DirigentarMens Ronnie Hazlehurst var sjefdirigent, hadde dei fleste land med sin eigen dirigent. Under er ei liste over deltakerlandas dirigenter, lista etter startrekkefølgja.[28]
Kommentatorar og poengopplesararPoengopplesararKvart land hadde ein talsperson som annonserte sitt lands poeng på engelsk eller fransk over telefon.[29] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga:
Kommentatorar og kringkastararIfølgje Katie Boyle blei tevlinga overført til 32 land. Alle deltakarlanda, med unntak av Italia, overførte sendinga direkte. I tillegg til på fjernsyn blei finalen overført på radio i Belgia, Finland, Irland, Norge, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige og Tyskland. Dei fleste landa hadde eigne kommentatorar som formidla informasjon, farger og hendingar direkte til sjåarane. Under er ei oversyn over kommentatorar og kringkastarar under Eurovision Song Contest 1974:[39] Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande landFinalen blei sendt i 15 ikkje-deltakande land, enten direkte eller i opptak: Algerie, Austerrike, Bulgaria, Frankrike, Island, Japan, Jordan, Kypros, Marokko, Polen, Sovjetunionen, Sør-Korea, Tsjekkoslovakia, Tunisia og Ungarn. I lista under er stadfesta overføringar og kringkastarar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff |