Europaveg 8![]() ![]() Europaveg 8 (E8) er ein europaveg som går frå Tromsø til Åbo (finsk Turku) i Finland. Mellom Nordkjosbotn og Skibotn delar han trasé med europaveg 6. I Finland følgjer han i hovudsak grensa til Sverige ned til Bottenvika. Vegen har ei lengd i Noreg (utanom felles trasé med E6) på 117,9 km. Trasé fastlagt av UNECE: Tromsø - Nordkjosbotn - Skibotn - Kilpisjärvi - Torneå - Uleåborg - Vasa - Åbo. HistorikkNamnet E78 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå. UNECE avgjorde i 1983 å reformere systemet. E78 skulle få nummeret E08 og E6 skulle få nummeret E47. Det tok nokre år med forhandlingar om E6 og først 1992 vart det nye systemet innført i Noreg der E8 gjekk (Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå). E8 vart forlenga frå Torneå til Åbo i 2002. Før 1985 gjekk E8 frå London via Hoek van Holland - Hannover - Berlin til Brest i Kviterussland. Knutepunkt
![]() ![]() ![]()
Kjelder
sjå ògBakgrunnsstoff
|