Europameisterskapen på skeiser 2005Europameisterskapane på skeiser 2005 for menn og for kvinner vart avvikla i Thialf-ishallen i Heerenveen i Nederland i tida frå fredag 7. til sundag 9. januar. 32 menn og 25 kvinner frå 15 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Italia, Kviterussland, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Russland, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina. Noreg stilte med tre menn: Håvard Bøkko, Eskil Ervik, Øystein Grødum, og to kvinner: Hedvig Bjelkevik og Maren Haugli. Ervik enda på femteplass samanlagt og var best av de norske utøvarane, Grødum vart nummer 8. Nederlendaren Jochem Uytdehaage vart europameister framom tre landsmenn. Han vann også 1500-meteren. Landsmannen Mark Tuitert stod for bestetida på 500 m, nordmennene Ervik og Grødum det same på høvesvis 5 000 og 10 000 meter. I kvinnene sin meisterskap triumferte Anni Friesinger for fjerde året i rad, landskvinnene Daniela Anschütz og Claudia Pechstein kransa henne på sigerspallen. Friesinger var best av alle på dei tre kortaste distansane, Pechstein vann 5000-meteren. Skeise-EM 2005, menn
Dato: 7.-9. januar 500 meter
5000 meter
1500 meter
10000 meter
Skeise-EM 2005, kvinner
Dato: 7.-9. januar 500 meter
3000 meter
1500 meter
5000 meter
Kjelder
|