Espen Rian
Espen Rian (fødd 10. februar 1981) er ein norsk tidlegare kombinertrennar frå Stadsbygd. Han var med på det norske firemannslaget som vann bronsemedalje i lagtevlinga under Ski-VM 2007. Frå NM-tevlingar fekk han med seg fem bronsemedaljar. KarriereRian debuterte i verdscupen 29. desember 2001 i Oberwiesenthal, der han kom på 22. plass i sprintøvinga. I november og desember 2006 oppnådde han to plasseringar mellom dei ti første i verdscupen. Den beste plasseringa i verdscupen vart ein femteplass i Holmenkollen i 2008-sesongen. Under VM 2007 i Sapporo var han med på å ta bronse i lagtevlinga med det norske laget, saman med Petter Tande, Magnus Moan og Håvard Klemetsen. Individuelt vart han nummer åtte i normaløvinga med to hopp i skibakken og 10 km langrenn. Rian var reserve til vinter-OL 2010 i Vancouver. Då Ole Christian Wendel vart sjuk og reiste heim, reiste Rian til Canada. Han deltok i den øvinga då det vart hoppa i den store bakken og vart nummer 35, dessutan var han med på Noregs lag som kom på femteplass i lagtevling. Besteplasseringar i internasjonale meisterskap
Besteplasseringar i internasjonale renn
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
Han la opp som aktiv kombinertløpar i 2011. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|