Espen Borge
Espen Borge (fødd 8. september 1961) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Drammen som vart norsk meister to gongar på 800 meter og tre gongar på 1500 meter. I 1987 forbetra han den norske rekorden på 3 000 meter hinder, ein nasjonal rekord som vart ståande i åtte år. Han var medlem av IF Hellas, frå 1986 representerte han IK Tjalve. Borge høyrde til noregstoppen på mellomdistansane i ein tiårsperiode frå 1982, særleg utmerkte han seg med sin spurtstyrke på 1500 meter. I 1986 prøvde han seg på 3 000 meter hinder. Året etter, under eit stemne i nederlandske Hengelo den 19. juli, sletta han den tretten år gamle noregsrekorden til Knut Kvalheim på 3 000 meter hinder. Borge vart femtemann i eit felt med sterke løpar og flytta landsrekorden frå 8.25,2 til 8.23,11. I juni 1995 forbetra Jim Svenøy noregsrekorden i øvinga til 8.21,4. Personlege rekordar
Medaljar i noregsmeisterskap
Kjelder |