Erika Netzer
Erika Netzer (23. juni 1937–30. november 1977) var ein austerriksk alpin skirennar frå St. Gallenkirch i Vorarlberg. Netzer braut begge beina i skisesongen 1958, men kom sterkt tilbake i 1959-sesongen. Ho vart då austerriksk meister både i slalåm, storslalåm og i kombinasjonen og vann elles fleire av dei store årlege skitevlingane i alpelanda. I 1960 deltok ho i vinterleikane i Squaw Valley, der ho enda på åttandeplassen i utforrennet. Under VM i alpine greiner 1962 i franske Chamonix tok ho tre medaljar. Det starta med sølvmedalje i storslalåm, sju hundredels sekund bakom landskvinna Marianne Jahn. I slalåmtevlinga tre dagar seinare var Jahn suveren, Netzer vann bronsemedaljen med stor margin til neste kvinne på resultatlista. Samanlagt tok så Netzer bronsemedaljen i kombinasjonen. Seinare i 1962-sesongen vart ho austerriksk meister i storslalåm. Netzer la opp etter 1963-sesongen. Ho døydde i St. Gallen i Sveits av ein leversjukdom, 40 år gammal. Kjelder
|