Endless Wire er det ellevte albumet til det engelske rockebandet The Who, gjeve ut 30. oktober 2006. Det var det første studioalbumet deira på 24 år etter It's Hard i 1982. Albumet skulle opphavleg ut våren 2005 med arbeidstittelen WHO2. Endless Wire debuterte på sjuandeplass på Billboard lista i USA og niandeplassen i Storbritannia. Delar av albumet hadde vore spelt på turneen deira i 2006-2007. Dei fleste songane frå albumet vart nytta i rockemusikalen The Boy Who Heard Music som hadde premiere i juli 2007.
Historie og komposisjon
21. mars 2005 annonserte Pete Townshend at det nye albumet kom til å verte utsett. I 2006 drog The Who på turneen med ein del av songane frå det komande albumet. Townshend annonserte på heimesida si at delar av albumet, ein miniopera kalla The Glass Household danna kjernen i albumet og var basert på romanen hans The Boy Who Heard Music.
Ei kortare utgåve av operaen vart gjeven ut sommaren 2006. Dette var ein EP kalla Wire & Glass.
3. oktober 2006 vart songen «It's Not Enough» frå det komande albumet gjort tilgjengeleg på iTunes. Det same vart «Tea & Theatre». 14. oktober 2006 lanserte Polydor ei nettside for albumet. Her kunne ein høyre, men ikkje laste ned, delar av albumet.
Endless Wire gjekk inn på sjuandeplassen på Billboard 200 og selde 81 000 eksemplar den første veka.[13]
Innhald
Alle spor skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde