Elastic Rock er debutalbumet til den britiske jazzfusiongruppaNucleus, gjeve ut i mars 1970. Det vart spelt inn i januar 1970 og var eit nybrottsarbeid innan den gryande sjangeren jazzrock. Bandleiaren Ian Carr (seinare jazzjournalist og Miles Davis-ekspert) var truleg inspirert av at Davis «gjekk elektrisk» i 1969, men det viktige albumet Bitches Brew hadde ikkje kome ut enno då Elastic Rock vart spelt inn, og i følgje Carr, hadde dei ikkje enno høyrt det mindre rockeprega og elektriske Davis-albumet In a Silent Way frå 1969.[2]