El'ad
El'ad, òg skrive Elad (hebraisk skrift אלעד), er ein by i Sentral distrikt i Israel. Han ligg kring 25 km aust for Tel Aviv langs vegen mellom Rosh HaAyin og Shoham. I 2009 hadde byen eit folketal på 36 300.[1] El'ad er den einaste staden i Israel som offisielt har status som ein religiøs kommune. Namnet El'ad tyder «Gud for alltid», men er òg namnet på eit medlem av Efraim-stamma, som budde i dette området (Første Krønikebok 7:21).[2] HistorieBygginga av El'ad byrja seint i 1990-åra, då regjeringa i 1990 avgjorde å byggje ei rekkje busetnader langs grensa til Vestbreidda under den dåverande bustadministeren Ariel Sharon,[3] og gav raskt bustad for 50 000 innbyggjarar.[4] Byen vart bygd frå starten av som eit planlagt samfunn i følgje byplanleggingsparadigme som minna om Modi'in og den nærliggande Shoham. Medan desse byane hadde ein blanda folkesetnad av ikkje-religiøse og religiøse jødar, var El'ad opphavleg planlagt for ei blanding av moderne ortodokse/religiøse sionistiske jødar og ultraortodokse haredi-jødar. Størsteparten av innbyggjarane er haredi-jødar. Leiligheitene er tilpassa folkegruppa som har ein tendens til å ha større familiar enn den gjennomsnittleg folkesetnaden. I 1998 hadde El'ad alt fått status som lokal kommune og i februar 2008 fekk El'ad bystatus.[5] Kjelder
|